Skriv ut
| LOV 1950-07-14 nr 10: Lov om
valutaregulering [valutalova]. |
| DATO: | LOV-1950-07-14-10
| | DEPARTEMENT: | FIN (Finansdepartementet)
| | PUBLISERT: | ISBN 82-504-1086-6
| | SIST-ENDRET: | LOV-2003-06-20-44 fra 2004-01-01
| | ENDRER: |
| | SYS-KODE: | BG26j, D02
| | NÆRINGSKODE: | 9121, 9600
| | KORTTITTEL: | Valutalova – valutal.
|
Sentrale forskrifter
INNHOLD
Lov om valutaregulering [valutalova].
§ 4. Departementet kan gjeva føresegner om utførsle og innførsle av innanlandsk og utanlandsk betalingsmiddel og verdepapir og av...
§ 7. Alle er skyldige til å gjeva departementet eller Noregs Bank eller den som har fullmakt frå ein av desse, dei opplysningane som...
§ 8. I denne lova tyder:...
§ 10. Bryt nokon med vilje eller av aktløyse føresegn gjeve i eller med heimel i denne lova, eller let han vera å retta seg etter pålegg...
Lov om valutaregulering [valutalova].
Lova er, med unntak av §§ 4, 7, 8 og 10, opphevd med lov 20 juni 2003 nr. 44 (ikr. 1 jan 2004 iflg. vedtak 19 des 2003 nr. 1600). – Jf. lov 28 mai
2004 nr. 29.
§ 4. Departementet kan gjeva føresegner om utførsle og innførsle av innanlandsk og utanlandsk betalingsmiddel og verdepapir og av
innskotsbok i bank eller liknande institusjon.
§ 7. Alle er skyldige til å gjeva departementet eller Noregs Bank eller den som har fullmakt frå ein av desse, dei opplysningane som
trengst til å gjennomføra føresegner gjevne i eller med heimel i denne lova, eller som trengst til kontrollen med at slik føresegn vert etterlevd.
Det same gjeld om opplysning som trengst til å få oversyn over kor stor inntekt ein innlending har i utanlandsk valuta og kor mykje han ligg inne med
av slik valuta og av innanlandske verdepapir og innanlandske krav lydande på utanlandsk mynt eller både det og norske pengar, likeins opplysning til å
få oversyn over kor stor inntekt ein utlending har i innanlandsk og utanlandsk valuta eller ligg inne med av slik valuta her i landet.
Til dette føremålet kan departementet og Noregs Bank krevja innsyn i registrerte rekneskapsopplysninger,
rekneskapsmateriale, vedlegg, brevskifte, avtalar og andre dokument, som kan ha vekt, og kan granska dei sjølv eller lata oppnemnde sakkunnige gjera
det. I samband med granskinga skal departementet og Noregs Bank få tilgjenge til kontor- og bedriftslokale og turvande hjelp og rettleiing.
Klage etter §§ 14 og 15 i forvaltningslova har ikke utsetjande verknad med mindre underinstansen eller
klageinstansen fastset det.
Det nokon i tenesta etter denne lova får vita, av opplysningar som nemnt i fyrste og andre leden, skal han tegja
med så langt det motsette ikkje fylgjer av gjeremålet hans etter lova. Tegjingsskyldnaden er ikkje til hinder for å gjeva opplysningar til Den
sentrale enhet for etterforskning og påtale av økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet (ØKOKRIM) når dette fylgjer av lov eller er turvande i
etterforskinga av brotsleg verksemd. Teigjingsskyldnaden fritek ikkje frå å utveksle opplysningar (samordning) som forutsete i lov om
Oppgaveregisteret.
Departementet kan fastsetja at lovfest tegjingsskyldnad ikkje tek fri for å gjeva opplysning etter fyrste leden
i denne paragrafen.
Departementet avgjer om opplysningar innhenta ifylgje fyrste leden i denne paragrafen skal meddelast offentlege
styresmakter som har med skattelikninga, tolloppgåver og tilsyn med finansinstitusjonar å gjera.
Noregs Bank kan ileggja den som ikkje gjev pliktige opplysningar etter fyrste leden tvangsmulkt til staten.
Tvangsmulkta kan ileggjast i form av eingongsmulkt eller løpande mulkt, og skal fastsetjast under omsyn til kor viktig det er at opplysningane vert
gjevne og tilhøva elles. Slik tvangsmulkt er tvangsgrunnlag for utlegg. Skuldig tvangsmulkt kan i særlege høve ettergjevast heilt eller delvis.
Departementet kan gjeva nærare føresegner om fastsetjing og utrekning av tvangsmulkt.
Endra med lover 6 juli 1957 nr. 15, 21 apr 1978 nr. 14, 21 des 1990 nr. 61, 11 juni 1993 nr. 83, 7 juni 1996 nr. 30 (ikr. 1 jan 1997), 6 juni 1997
nr. 35 (ikr. 1 nov 1997), 17 juli 1998 nr. 56 (ikr. 1 jan 1999).
§ 8. I denne lova tyder:
I. Innlending:
Staten, norsk kommune, person som bur her i landet eller vanleg held til her, dertil selskap, korporasjon,
stifting og alleslags andre institusjonar som har sæte her i landet.
Kjem det opp tvil om ein person eller institusjon skal reknast for innlending eller utlending, avgjer
departementet spørsmålet.
II. Utlending:
Person eller institusjon som ikkje er innlending etter det som er sagt ovanfor.
III. Valuta:
Betalingsmiddel, verdepapir og krav.
IV. Innanlandsk betalingsmiddel:
| a) | Norske pengar (setlar og mynt), veksel, sjekk og anna tilvising eller
akkreditiv som gjev rett på oppgjer i norske pengar (setlar og mynt). |
| b) | Gull, sylv, platina og legering som inneheld noko som er noko av slike
metall (i rå eller tillaga stand), når metallet eller legeringa er her i landet. |
V. Utanlandsk betalingsmiddel:
| a) | Utanlandske pengar (setlar og mynt), veksel, sjekk og anna tilvising
eller akkreditiv som gjev rett på oppgjer i utanlandske pengar (setlar og mynt). |
| b) | Gull, sylv, platina og legering som inneheld ein stor part av slike
metall (i rå eller tillaga stand), når metallet eller legeringa er i utlandet. |
VI. Innanlandsk verdepapir:
Aksje, partbrev, obligasjon, omsetnings-skuldbrev, kupong, utbyteprov, livstrygdebrev og dokument som gjev nokon
krav på slike papir, t.d. interimskvittering, sertifikat og anna slikt – når ein innlending har gjeve ut papiret.
VII. Utanlandsk verdepapir:
Papir som er nemnt under VI, når ein utlending har gjeve ut papiret.
VIII. Innanlandsk krav:
Krav på at ein innlending skal gjeva frå seg betalingsmiddel eller verdepapir som er nemnt under IV-VII.
IX. Utanlandsk krav:
Krav på at ein utlending skal gjeva frå seg betalingsmiddel eller verdepapir som er nemnt under IV-VII.
§ 10. Bryt nokon med vilje eller av aktløyse føresegn gjeve i eller med heimel i denne lova, eller let han vera å retta seg etter pålegg
gjeve med heimel i slik føresegn, vert han straffa med bot eller med fengsel opptil 2 år eller med båe slags straff.
For medverking og freistnad er det same straff.
Reglane i denne paragrafen gjeld og for gjerning som innlending gjer i utlandet.
Brotet vert rekna for misferd.
Endra med lov 22 mai 1953 nr. 3. Vert endra med lov 20 mai 2005 nr. 28 (ikr. frå den tid som vert fastsett ved lov) som endra med lov 19 juni
2009 nr. 74.
Databasen sist oppdatert 25. mai 2012
|