Skriv ut
| LOV 1997-06-06 nr 32: Lov om
innførsle- og utførsleregulering. |
| DATO: | LOV-1997-06-06-32
| | DEPARTEMENT: | UD (Utenriksdepartementet)
| | PUBLISERT: | Avd I 1997 Nr. 13
| | IKRAFTTREDELSE: | 1997-06-06
| | SIST-ENDRET: | LOV-1998-07-17-56 fra 1999-01-01
| | ENDRER: |
| | SYS-KODE: | BG13a, D02
| | NÆRINGSKODE: | *
| | KORTTITTEL: | Innførsle- og utførslereguleringslova
|
Sentrale forskrifter
INNHOLD
Lov om innførsle- og utførsleregulering.
§ 1. Kongen kan, med dei innskrenkingar som fylgjer av avtale med framand stat eller internasjonal organisasjon, gje føresegn om forbod...
§ 2. Alle plikter å gje vedkomande departement dei opplysningane dette krev å få for å gjennomføre føresegnene i lova. Vert det kravt,...
§ 3. Kongen eller den som har fullmakt frå honom kan gjeva nærare føresegner til utfylling og gjenomføring av lova.
§ 4. Har nokon med vilje...
§ 5. Denne lova tek til å gjelda straks. Lov av 13. desember 1946 nr. 29 om mellombels innførsleforbod og lov av 13. desember 1946 nr. 30...
Lov om innførsle- og utførsleregulering.
Jf. tidligare lover 13 des 1946 nr. 29 og 13 des 1946 nr. 30. Jf. lover 22 juni 1934 nr. 5, 31 mai 1974 nr. 20.
§ 1. Kongen kan, med dei innskrenkingar som fylgjer av avtale med framand stat eller internasjonal organisasjon, gje føresegn om forbod
mot eller krav om serskilt løyve for innførsle eller utførsle av varer, medreikna levande planter og dyr. Det kan fastsetjast serskilde vilkår for
slikt løyve.
Føresegnen i fyrste leddet gjeld og for innførsle frå og utførsle til Svalbard, Jan Mayen og land underlagd
Noreg. Føresegnen om utførsle gjeld og all levering til utlandet av varer som er vunne ved fiske eller fangst frå norsk farty.
§ 2. Alle plikter å gje vedkomande departement dei opplysningane dette krev å få for å gjennomføre føresegnene i lova. Vert det kravt,
plikter vedkomande å leggja fram rekneskapsmateriale, forretningspapir og andre dokument som departementet meiner har vekt for saka. Trengst det, kan
departementet setja politiet til å granska slikt materiale.
Når departementet har fastsett det, kan offentlege styresmakter som fastset eller krev inn skatt, avgift eller
toll, få løyve til å gjera seg kjende med dei opplysningar som vert gjevne etter denne lova.
Så langt tenesteskyldnad ikkje er til hinder, skal alle teia med det dei fær kjennskap til i yrket sitt etter
denne lova. Forvaltningslova § 13 til § 13e gjeld ikkje her.
Endra med lov 17 juli 1998 nr. 56 (ikr. 1 jan 1999).
§ 3. Kongen eller den som har fullmakt frå honom kan gjeva nærare føresegner til utfylling og gjenomføring av lova.
§ 4. Har nokon med vilje
| 1. | ført inn eller ut, eller freista føre inn eller ut varer, medreikna
levande planter og dyr, i strid med denne lova eller føresegner gjevne med heimel i lova, eller |
| 2. | brote eller freista bryte vilkår sett med heimel i denne lova, eller
|
| 3. | selt innførde varer, medreikna levande dyr og planter, uten å opplysa
at vilkår sett etter § 1, første leden, la band på råderetten over salsemnet, eller |
| 4. | gjeve urett opplysning, munnleg eller skriftleg, |
| a. | i utsegn gjeven til bruk for offentleg styresmakt eller målsmann for
styresmakta i innførsle- eller utførslesak eller søknad om innførsle- eller utførsleløyve, |
| b. | i utsegn som skal kunna gjera at ein annan har høve til å gje slik
utsegn som nemnt under punkt a, |
| om tilhøve som har noko å segja for retten til å føra inn eller ut varer, eller |
| 5. | brote eller freista bryte på anna vis føresegn som lova gjev eller
som er gjeven med heimel i denne, |
vert han straffa med bot eller fengsel i opptil 6 månader eller med båe desse straffene dersom åtferda ikkje går inn under strengare straffebod.
For medverking til brot som nemnt i første leden er det same straffa.
Har nokon av aktløyse gjort eller medverka til slike brot som nemnt i første leden, vert han straffa med bot
eller fengsel i opp til 3 månader.
Brot på denne paragrafen er misferd.
Vert endra med lov 20 mai 2005 nr. 28 (ikr. frå den tid som vert fastsett ved lov) som endra med lov 19 juni 2009 nr. 74.
§ 5. Denne lova tek til å gjelda straks. Lov av 13. desember 1946 nr. 29 om mellombels innførsleforbod og lov av 13. desember 1946 nr. 30
om mellombels utførsleforbod fell bort frå same tid. Føresegn gjevne og vedtak gjorde med heimel i nemde lovar skal gjelda til dei vert sette ut av
kraft eller avløyste med føresegn eller vedtak som har heimel i denne lova. For straff ved brot på slike føresegner, gjeld § 4 tilsvarande.
Databasen sist oppdatert 11. mai 2012
|