Skriv ut
| Lov om grunnskolen og den
vidaregåande opplæringa (opplæringslova). |
Oversikt Hele loven
Første Forrige Neste
Kapittel 12. Organ knytte til fagopplæring i bedrift
§ 12-1. Organ for samarbeid om fag- og yrkesopplæringa
Departementet nemner opp eit organ for samarbeid om fag- og yrkesopplæringa. Organet skal hjelpe departementet
med råd og ta initiativ for å fremje fag- og yrkesopplæringa. Organet skal ha representantar for partane i arbeidslivet og for departementet.
Departementet fastset samansetjinga av og oppgåvene til organet.
Endra med lover 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645), 2 juli 2004 nr. 69 (ikr. 1 sep 2004, etter res. 2 juli
2004 nr. 1064).
§ 12-2. Faglege råd
Departementet nemner opp faglege råd for fag- og yrkesopplæringa. Kvart fag eller fagområde som kan ha læretid i
bedrift, skal vere knytt til eit fagleg råd. Departementet avgjer etter framlegg frå organet for samarbeid om fag- og yrkesopplæringa kva for faglege
råd som skal skipast, storleiken på råda, kva for fagleg felt det enkelte rådet skal dekkje og reglement for oppgåvene til råda.
Endra med lover 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645), 2 juli 2004 nr. 69 (ikr. 1 sep 2004, etter res. 2 juli
2004 nr. 1064).
§ 12-3. Yrkesopplæringsnemnder og yrkesutval
Fylkeskommunen nemner opp yrkesopplæringsnemnd med oppgåver etter §§ 4-3, 12-3 og 12-4.
Nemnda skal ha medlemmer med personlege varamedlemmer som til saman skal ha brei innsikt i heile fag- og
yrkesopplæringa og i nærings- og sysselsetjingsspørsmål. Det skal i alle høve nemnast opp medlemmer frå partane i arbeidslivet etter forslag frå
arbeidstakarorganisasjonane og etter forslag frå arbeidsgivarorganisasjonane. Partane i arbeidslivet skal ha fleirtal i nemnda. Dessutan skal det
nemnast opp minst éin representant for elevar, lærlingar eller lærekandidatar etter forslag frå organisasjonar eller organ som representerer desse.
Fylkeskommunen kan be lærarorganisasjonane om forslag til medlemmer i nemnda.
Nemnda vel sjølv leiar og nestleiar. Funksjonstida til nemnda er den same som for fylkestinget. Representantane
for elevane, lærlingane og lærekandidatane blir oppnemnde for to år om gongen.
Fylkeskommunen skal førebu dei sakene nemnda skal behandle.
Departementet kan gi nærmare forskrifter om arbeidet i nemnda.
Nemnda skal nemne opp eit rådgivande yrkesutval for kvart av faga eller fagområda, eller nytte prøvenemnda som
yrkesutval. Departementet kan gi forskrifter om samansetjinga av og verksemda til yrkesutvala.
Kommunelova § 14 nr. 1 bokstav a gjeld ikkje for oppnemning av medlemmer til yrkesopplæringsnemnda.
Endra med lover 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645), 29 juni 2007 nr. 91 (ikr. 1 nov 2007, etter res. 29 juni
2007 nr. 758).
§ 12-4. Oppgåvene til yrkesopplæringsnemnda
Yrkesopplæringsnemnda skal fremje behov hos og synspunkt frå arbeidslivet overfor fylkeskommunane.
Yrkesopplæringsnemnda skal i form av vedtak uttale seg i saker som fylkeskommunen etter § 4-8 er pliktig til å
leggje fram for nemnda. Dette gjeld mellom anna saker om godkjenning av lærebedrifter og tap av godkjenning, og om fylkeskommunens kvalitetssystem
for fag- og yrkesopplæringa.
Yrkesopplæringsnemnda skal arbeide for å heve kvaliteten av heile fag- og yrkesopplæringa. Yrkesopplæringsnemnda
skal særleg
| - | fremje forslag til organisering, arbeidsmåtar og strategiar for å utvikle
kvaliteten av fag- og yrkesopplæringa |
| - | vurdere og uttale seg om rutinane i fylkeskommunen for å sikre kvaliteten
av fag- og yrkesopplæringa |
| - | vurdere korleis partane i arbeidslivet skal bidra til kvalitetsutvikling
og -sikring i fag- og yrkesopplæringa |
| - | vurdere korleis samhandlinga mellom skolar og lærebedrifter kan betrast
|
| - | vurdere korleis kompetanseutvikling kan sikrast. |
Yrkesopplæringsnemnda skal arbeide for best mogleg dimensjonering av den vidaregåande opplæringa, og gi
fylkeskommunen råd om tiltak i samband med den årlege fastsetjinga av tilbod.
Yrkesopplæringsnemnda skal arbeide for at rådgivinga om fag- og yrkesopplæring blir best mogleg, og foreslå
tiltak der ho finn det nødvendig.
Yrkesopplæringsnemnda skal gi råd om korleis utvikling av fag- og yrkesopplæringa og samhandling mellom skolar og
bedrifter kan medverke til regional utvikling, mellom anna utvikling av nye verksemder og arbeidsplassar.
Yrkesopplæringsnemnda kan gi fylkeskommunen fullmakt til å gjere den faglege vurderinga av bedrifter eller til å
utføre andre oppgåver som etter lov eller forskrift er lagde til yrkesopplæringsnemnda.
Endra med lover 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645), 2 juli 2004 nr. 69 (ikr. 1 sep 2004, etter res. 2 juli
2004 nr. 1064), 29 juni 2007 nr. 91 (ikr. 1 nov 2007, etter res. 29 juni 2007 nr. 758).
§ 12-5. Læreplangrupper
Departementet nemner opp læreplangrupper som skal hjelpe til i arbeidet med å fastsetje innhaldet i opplæringa i
fag eller arbeidsområde som har læretid i bedrift.
Departementet skal syte for at både arbeidslivet og skolesida får ta del i arbeidet med nye læreplanar.
Endra med lov 2 juli 2004 nr. 69 (ikr. 1 sep 2004, etter res. 2 juli 2004 nr. 1064).
§ 12-6. Klagenemnd for fag- og sveineprøver
Departementet nemner opp klagenemnder som er klageinstans for klager på vedtak om ikkje bestått fag- eller
sveineprøve. Kvar nemnd skal ha tre medlemmer. To av medlemmene skal ha fagutdanning. Departementet fastset kven som skal vere leiar og nestleiar.
Når det skal oppnemnast klagenemnder for fag- og sveineprøver, skal det faglege rådet for faget gi innstilling.
Medlemmene med personlege vararepresentantar, blant anna leiar og nestleiar, blir oppnemnde for fire år om
gongen.
Endra med lov 2 juli 2004 nr. 69 (ikr. 1 sep 2004, etter res. 2 juli 2004 nr. 1064).
§ 12-7. Medlemmer av organ, råd og nemnder
Den som blir oppnemnd eller vald som medlem av organet for samarbeid om fag- og yrkesopplæringa, av faglege råd,
av prøvenemnder eller klagenemnder, er pliktig til å ta imot vervet. Medlemmer kan likevel krevje seg fritekne for ny oppnemning i like lang tid som
dei har gjort samanhengande teneste. Den som har fylt seksti år, kan krevje seg friteken.
Endra med lov 2 juli 2004 nr. 69 (ikr. 1 sep 2004, etter res. 2 juli 2004 nr. 1064).
Første Forrige Neste
Databasen sist oppdatert 20. mai 2012
|