Lovdata
HJEM RESSURSER TJENESTER HJELP LENKER OM LOVDATA KONTAKT OSS SØK
Skriv ut Utskriftsvennlig versjon
Forskrift til opplæringslova

Oversikt Hele forskriften Første Forrige Neste

I. Generelle føresegner

0Heile kapittel 3 endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009).

§ 3-1. Rett til vurdering

       Elevar i offentleg grunnskoleopplæring og elevar, lærlingar og lærekandidatar i offentleg vidaregåande opplæring har rett til vurdering etter reglane i dette kapitlet. Retten til vurdering inneber både ein rett til undervegsvurdering og sluttvurdering og ein rett til dokumentasjon av opplæringa. Kapitlet gjeld for privatistar, så langt det er fastsett i føresegnene her. Praksiskandidatar reknast som privatistar i kapitlet her, dersom ikkje anna er særskild fastsett i føresegnene her. Kapitlet gjeld for elevar i skolar som er godkjende etter opplæringslova § 2-12.

       Reglane i kapitlet gjeld ikkje for dei som får privat opplæring i heimen etter opplæringslova § 2-13.

       Kapitlet gjeld heller ikkje for offentleg grunnskoleopplæring eller offentleg vidaregåande opplæring særskilt organisert for vaksne etter opplæringslova kapittel 4A. For vurdering i opplæring særskilt organisert for vaksne, gjeld kapittel 4.

       Det skal vere kjent for eleven, lærlingen og lærekandidaten kva som er måla for opplæringa og kva som blir vektlagt i vurderinga av hennar eller hans kompetanse. Det skal og være kjent for eleven kva som er grunnlaget for vurdering og kva som blir vektlagt i vurdering i orden og åtferd.

       Skoleeigar har ansvaret for at eleven, lærlingen eller lærekandidaten sin rett til vurdering blir oppfylt, jf. opplæringslova § 13-10 første ledd. Ved opplæring i bedrift er det lærebedrifta som oppfyller lærlingen og lærekandidaten sin rett til vurdering.


§ 3-2. Formålet med vurdering

       Formålet med vurdering i fag er å fremje læring undervegs og uttrykkje kompetansen til eleven, lærlingen og lærekandidaten undervegs og ved avslutninga av opplæringa i faget. Vurderinga skal gi god tilbakemelding og rettleiing til elevane, lærlingane og lærekandidatane.

       Undervegsvurdering skal brukast som ein reiskap i læreprosessen, som grunnlag for tilpassa opplæring og bidra til at eleven, lærlingen eller lærekandidaten aukar kompetansen sin i fag.

       Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til eleven, lærlingen og lærekandidaten ved avslutninga av opplæringa i faget.

       Formålet med vurdering i orden og i åtferd er å bidra i sosialiseringsprosessen til eleven, skape eit godt psykososialt miljø og gi informasjon om eleven sin orden og åtferd.

       Undervegsvurdering og sluttvurdering skal sjåast i samanheng for å betre opplæringa. Kunnskap om elevens, lærlingens og lærekandidatens utvikling i fag, orden og åtferd gjennom undervegsvurdering gir læraren grunnlag for å fastsetje standpunktkarakter i fag, orden og åtferd.


§ 3-3. Grunnlaget for vurdering i fag

       Grunnlaget for vurdering i fag er dei samla kompetansemåla i læreplanane for fag slik dei er fastsette i læreplanverket, jf. § 1-1 eller § 1-3.

       I vurderinga i fag skal ikkje føresetnadene til den enkelte, fråvær, eller forhold knytte til ordenen og åtferda til eleven, lærlingen eller lærekandidaten trekkjast inn. I grunnskolen skal det i faget kroppsøving i vurderinga leggjast vekt på både oppnådd kompetanse og føresetnadene til eleven. I vidaregåande opplæring skal ikkje elevens føresetnader trekkjast inn i vurderinga i faget kroppsøving.

       Læraren og instruktøren skal så langt råd er, skaffe tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere kompetansen til eleven, lærling og lærekandidaten, slik at retten eleven, lærlingen og lærekandidaten har etter § 3-1, blir oppfylt. Det gjeld òg dersom stort fråvær eller andre særlege grunnar gjer vurdering vanskeleg. Eleven, lærlingen eller lærekandidaten skal møte til og delta aktivt i opplæringa slik at læraren eller instruktøren får grunnlag for å vurdere eleven, lærlingen eller lærekandidaten sin kompetanse i faget. Stort fråvær, manglande deltaking i planlagde vurderingssituasjonar eller andre særlege grunnar kan føre til at grunnlaget for halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter manglar.


§ 3-4. Karakterar i fag mv.

       I grunnskolen til og med 7. årstrinnet skal det berre givast vurdering utan karakterar.

       Frå 8. årstrinn og i vidaregåande opplæring skal vurdering også givast med talkarakterar. Det skal brukast talkarakterar på ein skala frå 1 til 6. Berre heile talkarakterar skal brukast.

       Dei enkelte karaktergradene har dette innhaldet:

a)karakteren 6 uttrykkjer at eleven har framifrå kompetanse i faget
b)karakteren 5 uttrykkjer at eleven har mykje god kompetanse i faget
c)karakteren 4 uttrykkjer at eleven har god kompetanse i faget
d)karakteren 3 uttrykkjer at eleven har nokså god kompetanse i faget
e)karakteren 2 uttrykkjer at eleven har låg kompetanse i faget
f)karakteren 1 uttrykkjer at eleven har svært låg kompetanse i faget.

       I vidaregåande opplæring svarer bestått til karakterane 2 til 6. Departementet kan i spesielle tilfelle fastsetje ei anna grense for bestått i læreplanverket. Fag med karakteren 1 i standpunkt er bestått når eksamenskarakteren er 2 eller betre. Det gjeld ikkje dersom eksamenskarakteren er for ein tverrfagleg eksamen.

       Det går fram av læreplanverket at det i enkelte fag skal brukast andre uttrykk enn talkarakterar. Dei andre uttrykka er

a)bestått/ikkje bestått: for å få karakteren bestått skal eleven ha vist tilfredsstillande kompetanse i faget
b)delteke/ikkje delteke.

       Ved fag- og sveineprøve og kompetanseprøve skal det ved vurderinga brukast ein tredelt skala som har dette innhaldet:

a)bestått mykje godt: mykje god eller framifrå kompetanse i faget
b)bestått: tilfredsstillande eller god kompetanse i faget
c)ikkje bestått: svært låg kompetanse i faget.

§ 3-5. Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd

       Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd er knytt til i kva grad eleven opptrer i tråd med ordensreglementet til skolen.

       Grunnlaget for vurdering i orden er knytt til om eleven er førebudd til opplæringa, og korleis arbeidsvanane og arbeidsinnsatsen til eleven er. Det inneber mellom anna om eleven er punktleg, følgjer opp arbeid som skal gjerast, og har med nødvendig læremiddel og utstyr.

       Grunnlaget for vurdering i åtferd er knytt til korleis eleven oppfører seg overfor medelevar, lærarar og andre tilsette i og utanfor opplæringa. Det inneber mellom anna om eleven viser omsyn og respekt for andre.

       Vurderinga av orden og åtferd skal haldast åtskild frå vurderinga av eleven sin kompetanse i fag.

       I vurderinga i orden og i åtferd skal det takast omsyn til føresetnadene eleven har. Til vanleg skal det ikkje leggjast avgjerande vekt på enkelthendingar; unntaket er dersom enkelthendinga er særleg klanderverdig eller grov. Fråvær kan føre til nedsett karakter i anten orden eller i åtferd.


§ 3-6. Karakterar i orden og i åtferd

       I grunnskolen skal det til og med 7. årstrinnet berre givast vurdering utan karakter i orden og i åtferd.

       Frå 8. årstrinnet og i vidaregåande opplæring skal vurdering i orden og i åtferd givast med karakterar. I orden og i åtferd skal då desse karakterane nyttast:

a)God (G): vanleg god orden og vanleg god åtferd
b)Nokså god (Ng): klare avvik frå vanleg orden og frå vanleg åtferd
c)Lite god (Lg): i ekstraordinære tilfelle ved store avvik frå vanleg orden og frå vanleg åtferd.

§ 3-7. Varsling

       Eleven og foreldra skal varslast skriftleg dersom det er tvil om eleven kan få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i eitt eller fleire fag fordi det ikkje er grunnlag for fastsetjing av karakter.

       Eleven og foreldra skal også varslast skriftleg dersom det er fare for at eleven i halvårsvurdering med karakter eller i standpunktkarakter kan få karakteren nokså god (Ng) eller lite god (Lg) i orden eller i åtferd.

       Varselet skal givast utan ugrunna opphald. Varselet skal gi eleven høve til å skaffe grunnlag for halvårsvurdering med karakter og standpunktkarakter, eller gi eleven høve til å forbetre karakteren i orden eller åtferd.

       Etter at eleven har fylt 18 år, skal foreldra ikkje varslast.


§ 3-8. Dialog om anna utvikling

       Eleven, lærlingen og lærekandidaten har rett til jamleg dialog med kontaktlæraren eller instruktøren om sin utvikling i lys av opplæringslova § 1-1, generell del og prinsipp for opplæringa i læreplanverket.


§ 3-9. Kontakt med heimen i grunnskolen

       Skolen skal halde kontakt med foreldra gjennom opplæringsåret.

       Foreldra har minst to gonger i året rett til ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren om korleis eleven arbeider dagleg, og eleven sin kompetanse i faga. I tillegg skal kontaktlæraren samtale med foreldra om utviklinga til eleven i lys av opplæringslova § 1-1, generell del og prinsipp for opplæringa i læreplanverket. Samtalen skal klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for læringa og utviklinga til eleven. Eleven kan vere med i samtalen med foreldra. Når eleven har fylt 12 år, har han eller ho rett til å vere med i samtalen. Det skal alltid sendast skriftleg melding når foreldra ikkje møter til samtale.

       Når skolen eller heimen meiner det er formålstenleg, kan skriftleg melding nyttast i tillegg.


§ 3-10. Privatistar

       Privatist er etter reglane i dette kapitlet ein som har meldt seg til eksamen i eitt eller fleire fag utan å vere elev eller lærling i dette faget eller desse faga.

       Privatistar går opp til eksamen i fag dei ønskjer å dokumentere kompetanse i. Eksamensforma for privatistar er fastsett i læreplanverket.

       Det skal vere tilgjengeleg for privatistar kva som er måla for opplæringa og kva som blir lagt vekt på i vurderinga av hennar eller hans kompetanse.

       I læreplanverket er det for enkelte fag fastsett at privatistar berre treng bestå eksamen på det høgaste nivået for å få godskrive faget på eit lågare nivå.

       Barn og ungdom i opplæringspliktig alder, jf. opplæringslova § 2-1, kan ikkje ta grunnskoleopplæringa som privatist.

Første Forrige Neste

Databasen sist oppdatert 15. mars 2010